Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Kjell Inge Torgersen release – Stavanger – fullt band og sprell nytt stoff!

8 September @ 20:00 - 21:30

8. september 2017 kjem Kjell Inge Torgersen (KIT) med sitt fjerde album. Det har fått tittelen «Mudderlys».

Nå inviterer me til lanseringsfest!

Kom til Spor 5 – ein av dei finaste scenene i byen (og eg har høyrt at far min spelte i korps der) på ein fin fredag i september – og høyr heile albumet lagt fram av fullt band beståande av dei ypperste musikarane som nokon gong har spelt denne musikken.

PÅ SCENEN
Ruben Dalen – trommer
Stian S. Hansen – bass
Vidar Schanche – gitarar
Erlend Wold – tangentar

SINGEL, LISTA PÅ NRK P1
Singelen Samme Sol frå det nye albumet hans blei lista av NRK i vår. Du kan sjå musikkvideo under.

ALBUMET “Mudderlys”
På det nye albumet sitt samarbeider Kit med produsentduoen Dal’hansen, og saman har dei skapt eit nytt lydunivers for Kit, i ein frapperende miks av det akustiske og elektroniske. Tekstane er alltid viktige for Kit – og alltid på norsk. Det handler om det store og det vesle, om lengt, kjærleik, eksistens, om det korte stykket me finst, innimellom uendelegheitene. To tekstar er óg signert diktarhøvding André Bjerke.

FYSISK UTGJEVING
Kjell Inge gjer ikke berre ut elektronisk, han likar å halde musikken mellom hendene. Difor: CD – med teksthefte! På konserten vil bli sjanse for å skaffe seg signerte spesialutgaver av albumet, faktisk dagen før sjølve utgjevinga.


OG TITTELEN?
Tjernet i skogen lokkar –og skjuler løyndomar. Det er som i liva våre: nokre gonger virvlast det gamle opp fra botnen, me arbeider oss gjennom det – og lyset som då skjærer gjennom det fallande mudderet er vakrare enn nokon gong.

Details

Date:
8 September
Time:
20:00 - 21:30
Event Category:
Website:
https://www.facebook.com/events/1975630909346155

Venue

Spor 5
Jernbaneveien 3-5
Stavanger, 4005 Norway
+ Google Map