Loading Events

« All Events

Offisiell opning av dei nye utstillingane

15 August @ 12:00 - 13:00

Arkeologisk museum, UiS, opnar to utstillingar i august.
Dørene til museet og utstillingane opnar allereie 1. august, men den offisielle opninga blir laurdag 15. august kl. 13.00.
Arrangementet er gratis, men det er påmelding og begrensa plass med omsyn til smittevern.
Påmelding og program:
https://www.deltager.no/utstillingsopning-arkeologisk-museum#init
(Det held ikkje å trykke skal på Facebook-arrangementet, du må ha ein billett)
Solkult. Myter. Mystikk Bronsealderkvinna si verd.
Den nye utstillinga tek føre seg Rogaland sitt rike funnmateriale frå bronsealderen (1800–500 f.Kr.)
Rogaland er særs rikt på praktfunn, graver, helleristningar og gardar og var ein sentral aktør i den felleseuropeiske bronsealderkulturen.
Helleristningane og bronsegjenstandane sitt rike biletspråk, og dei mange rituelle funna, gjer bronsealderen myteomspunnen og prega av mystikk.
Utferd. Mot vest i vikingtid.
Vår vikingtidsutstilling vart opna i 2013. No har vi gitt utstillinga ny utsjånad, fleire gjenstandar og vi gler oss til å vise den frem.
Program:
Kulturelt innslag ved Dybvig Dans.
Museumsdirektør Ole Madsen ynskjer velkommen.
Fagleg ansvarleg professor Kristin Armstrong-Oma introduserer Solkult. Myter. Mystikk. Bronseralderkvinna si verd.
Fagleg ansvarleg professor Elna Siv Krisoffersen introduserer Utferd. Mot vest i vikingtid.
Forfattar Janne Stigen Drangsholt føretek den offisielle opninga.
Besøk utstillinga, og treff våre fagfolk.
Enkel servering.
Vis billett i døra.

Details

Date:
15 August
Time:
12:00 - 13:00
Event Categories:
,
Website:
https://www.facebook.com/events/699154964195977/